Liberty - metervare
Liberty Fabrics er eit engelsk og tradisjonsrikt merke som leverer stoff i mange ulike kvalitetar og design. Mange kjenner kanskje den fantastiske bomullskvaliteten deira, Tana Lawn, best. Denne er mjuk som silke, men samstundes slitesterk. Eignar seg til alt frå puter og sengetøy, til lette kjolar, bukser eller quilting. Her kan du få blomstrete stoff i spreke fargar, men også meir rolege design dersom du føretrekk det.