Tana Lawn: Einsfarga

Liberty sine print er uslåelege dersom ein set pris på sterke fargar, endelause detaljar og fantastiske design. Men av og til treng ein også noko einsfarga. Kanskje som ein detalj til plagget, eller som ein større del av det? Men også gjerne som for i ei jakke eller belegg til ein kjole? Det kan også vera skikkeleg kult med eit einsfarga plagg i ein eller fleire av desse snopefargane her. Er du usikker på kva for ein farge som vil passa til eitt av dei andre printa, så gi gjerne ein lyd slik at me kan hjelpa deg.