Om oss

Litt om Minimeter

Minimeter er eit enkeltpersonsføretak som i hovudsak forhandlar metervare frå tradisjonsrike og eksklusive Liberty Fabrics i England. Stoffet vert produsert i og sendt frå den italienske byen Malpensa. Liberty har mange ulike typar stoff, i svært mange ulike design. Nokre av designa vert rekna som klassikarar, og desse vil ein kunna bestilla år etter år. Andre vert laga som del av kolleksjonar, og finst difor i begrensa opplag. I starten vil Minimeter satsa på det allsidige og nydelege bomullsstoffet Tana Lawn, som kjennest ut som silke fordi det er så lett og mjukt. Me håpar på å utvida med fleire design og fleire typar stoff etter kvart. 

I tillegg til metervare vil me forhandla nokre få artiklar som hårspenner, vesker og liknande frå australske Josie Joan's, som også er laga i Libertystoff. Desse er me dei første som forhandlar i Noreg, og me håpar at du finn deg ein favoritt eller to her også.

 Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om Minimeter eller vareutvalet. 

Kontakt

Bruk gjerne eige kontaktskjema på nettsida dersom de har spørsmål om Minimeter eller varene våre. Dersom du heller ynskjer å skriva ein e-post, kan du skriva til hei@minimeter.no.

 

 

Firmainfo

Minimeter Fjell ENK

Knappane 55

5414 Stord

Organisasjonsnr.: 927 786 346