Personvernerklæring

Me i Minimeter set personvernet ditt høgt. Sjølvsagt!

På denne sida kan du lesa om pliktene me har ovenfor deg og ditt personvern, kva for personopplysningar samlar me inn, og kvifor me samlar dei inn.

Kjøpar

Når du vel å handla av Minimeter vert dine personopplysningar oppbevart i tråd med kjøpslova, retur og angrerett, samt seljar si plikt til deg som konsument.

Dine personopplysningar vil berre bli utlevert til andre dersom det er naudsynt for at me skal få gjennomført avtalen med deg, eller i lovbestemte tilfelle.

Les mer om salsvilkåra og lagring av personopplysningar ved kjøp her.

Øvrig informasjon eller andre kilder

Personopplysningar du måtte dela med oss når du fyller ut kontaktskjemaa, melder deg på nyhetsbrev eller lagar ein konto er heilt frivillig.

Dersom du kontaktar oss via e-post, vil me ta vare på ein kopi av korrespondansen.

Kor lenge lagrar me personopplysningane dine?

Personopplysningar vil ikkje bli lagra lenger enn det som er naudsynt for å oppfylla føremålet med behandlinga eller lovpålagde plikter me har.

Får andre tilgang til dine personopplysningar?

Dine personopplysningar vil berre bli utlevert til andre dersom det er naudsynt for at me skal få gjennomført avtalen med deg, eller i lovbestemte tilfelle.

Vidare vil me kun dela dine personopplysningar med offentlege myndigheter i den grad det er naudsynt for å oppfylla våre rettslege plikter.

Utover dette vil me ikkje dela dine personopplysningar med andre verksemder med mindre du samtykker til dette.

Sletting

Me vil sletta personopplysningar om deg dersom du ber oss om det, med mindre me har eit rettsleg grunnlag eller ei lovpålagd plikt til å oppbevara personopplysningane vidare.

Analyse

Som generell besøkar av nettstaden samlar me kun inn anonymisert informasjon om ditt besøk til analyse og innsikt (f.eks. kva for sider som vart besøkt, kor lenge besøket varte, om noko gjekk feil og ei side ikkje kunne lastas rett, osv).

Til ovannemnde analyse- og innsiktsføremål nyttar me tredjepartsløysinga Google Analytics. Ingen personvernskritisk data vert delt med Google eller andre tredjepartsaktører.

Informasjonskapsler (Cookies)

For at me i Minimeter skal klara å viderareutvikla nettsidene våre treng me å forstå og analysera besøka på nettsida. For å gjera denne analysen mogleg nyttar me informasjonskapslar. Denne informasjonskapselen inneheld ikkje personleg informasjon om deg, men heller anonym informasjon om besøket ditt hos oss.

Kva er ein informasjonskapsel (Cookie)?

Ein informasjonskapsel (cookie på engelsk) er ei datafil som vert lagra i din nettlesar. Denne fila inneheld informasjon som enten kan nyttast til å samla inn informasjon om ditt besøk på minimeter.no, eller innehalda innstillingar på nettstaden - til dømes filtrering av produktsidene.

Me i Minimeter nyttar sjølvsagt ingen cookies som er skadelege for deg og ditt personvern, eller for din maskin.

Ynskjer du å sletta informasjonskapslane mot vårt domene kan du føreta eit raskt googlesøk. Skriv "Slett informasjonskapsler" (+ nettleseren du benytter. Feks. Chrome) så finn du hjelp til dette.

Endringar

Eventuelle endringar i handteringa av ditt personvern vil kunna publiserast på denne sida fortløpande.

Kontakt

Du kan sjølvsagt når som helst kontakta oss for å få meir innsikt i kva data me har om deg, sletteførespurnadar, eller om du har andre spørsmål kobla til ditt personvern: hei@minimeter.no.